Please click here to leave an anniversary message (in any language you choose). You do not need to be a member of Lowlands-L to do so. In fact, we would be more than thrilled to receive messages from anyone. Click here to read what others have written so far.
What’s with this “Wren” thing?
The oldest extant version of the fable
we
are presenting here appeared in 1913 in the first volume of a two-volume anthology
of Low
Saxon folktales (Plattdeutsche
Volksmärchen “Low German Folktales”)
collected by Wilhelm Wisser (1843–1935). Read
more ...
Gjerdesmetten hadde reiret sitt i eit hjørne på låven. Ein gong flaug begge dei
vaksne fuglane ut – dei ville finne noko å ete til ungane sine, og let dei
vere heilt åleine.
Etter ei stund kom Far Gjerdesmett heim til reiret att.
“Kva har hendt her?” seier han. “Kven er det som har gjort dykk noko,
ungar? De ser ut som de har vorte vettskremde, alle saman!”
“Åh, pappa,” sa dei, “ein stor stygging kom forbi her for berre nokre
augneblink sidan. Han var skikkeleg skremmande! Han stirra inn i reiret vårt
og hadde slike skikkeleg digre auge og skremde oss skikkeleg fælt!”
“Ja, eg skjøner,” sa Far Gjerdesmett. “Kvar gjekk han hen?”
“Jau,” sa dei, “han gjekk den vegen – ned der i skogen!”
“Vent her!” sa Far Gjerdesmett. “Eg skal fylgje etter han! No skal de
ikkje vere redde, ungar, eg skal få tak i han.” Med desse orda flaug han i
veg frå reiret sitt.
Han flaug altså lenger inn i skogen, så rundt ein sving, og etter ei stund
kom han over ei løve.
Men gjerdesmetten var ikkje det minste skremd. Han landa på ryggen til
løva og byrja å skjelle henne ut.
“Kva har du med å kome til huset mitt,” seier han, “og skreme ungane mine
slik?”
Løva bryr seg slett ikkje om fuglen og går berre vidare.
Det gjer den vesle hissigproppen berre endå villare, og han byrjar å skjelle
ut løva endå verre enn før.
“No skal du høyre her – du har slett ikkje noko å gjere der! Og om du
tør å kome attende,” seier han, “ja, då skal du få sjå – eg har ikkje lyst
til å gjere det,” seier han, og byrjar å løfte ein av føtene, “men eg knekkjer
ryggen på deg med foten min på ein augneblink!”
Då han hadde sagt det, flaug han rett attende til reiret sitt.
“Sånn ja, ungar,” seier han, “eg lærte den fæle løva ei skikkeleg lekse.
Ho tør nok aldri kome hit meir.”